mandag 3. oktober 2016

Lun haustjakke.

Eg er ferdig med den lune haustjakken - av Kari Hestnes. Kjekt prosjekt på pinne nr. 4,5. Då går det ganske fort unna. Den ert strikka i dobbelt garn, Tynn Alpakka og Air frå "Du store alpakka" Flott sammensetting. Då blei den akkurat passe lodden.

Det går som regel litt opp og ner med strikkeprosjekta mine. Sånn var det denne gongen og. 1.start vart for stor, så då var det bare å starte på ny. Armane var eg heller ikkje heilt fornøgd med, så eg stikka vel totalt 3 stk. Dei første knappane vart og for små, så eg har skifta dei ut igjen. Men når resultatet vert bra, då er jo allting bra! Nå kan hausten bare komma:-)

Klar til bruk.

Kjekt og lett mønster å strikke.

Gubbe-genseren er og snart ferdig.
Men først må den prøvast på
for justerinagar av halsen.
 
I dag er det sofaen som gjelder. Etter eit døgn med akutt omgangssjuke er dette den beste plassen i dag. Satsar på stigandes form dei neste dagane. Får meg iallefall nokre gode strikkepausar då, sjølv om eg mykje heller skulle vore på jobb.

1 kommentar:

  1. Ja, det gjelder å stå på til resultatet blir bra. Fin jakke i alle fall! Gleder meg til å se den ferdige genseren. Her er det kaldt, nattefrost og få varmegrader om dagen. Men sola skinner og varmer.

    Klem

    SvarSlett