søndag 16. oktober 2016

Fjelltur

Det er haustferie, og me har vore på fjelltur. Turistforeningen i Stavanger har bygd ei ny hytte i Vinddalen, Skåpet, og den måtte prøvast ut. Det er ei flott og moderne hytte med store vindusflater der naturen blir ein del av hytta, og med 6 små sovehus utanfor sjølve hovedhytta. Me hadde bestilt hytte nr.2,  og det var eit godt valg. Den hadde flott utsikt ned over Soddatjønn.  Haustferien i år har vore magisk med hensyn til vêret , knallflott sol kvar dag, og den klare, kalde lufta som minner om at vinteren er på veg.

Me starta tysdag ettermiddag i lag med eit vennepar, og me brukte litt over ein time og gå inn til Skåpet. Her var ein del folk, men likevel god plass til oss. Mennene diska opp med 3-rettars gourmetmiddag, som Gubben hadde planlagt og førebudd. Det smakte fortreffelig. Ellers ein koselig kveld der mørket senka seg ute, og med panoramautsikt til naturen som går til ro for natta. Hytta kan absolutt anbefalast for andre, lett og godt å gå inn her for både store og små. Onsdag morgon vakna me til same panorama utsikten fra sovehuset. Fantastisk. Me gjekk opp på nærmaste fjelltopp for å få litt utsikt, før me vendte nasane heimover igjen. Det vart eit flott døgn på tur i fjellet.

Kjekt å vere på tur med desse.

Her var "vår" sovehytte.

Nydelig forrett.
Ost, spekeskinke og melon.

Flott hjortebiff med kantarett-stuing og rotmos.
Utruleg kva mennene klarte å trylla fram!

Utsikt frå senga!
Ganske flott.

Morgonstrikkepause.
Mens eg venta på at dei andre skulle vakne!

Eit flott hytte-anlegg.

Utsikt nedover Vinddalen.
Me klatra opp på nærmaset topp.

Fantastisk ver.

Snart klar for å rusle heim.
Må bare strikke ut pinnen først......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar