lørdag 10. oktober 2015

Mormorstrikk

Det er stas å vere mormor. Vesle Tordis er ei nydelig jente, og det er stor stas å få holde ho og kose med ho. Og det er stor stas å få strikke noko til ho! Denne gong har eg strikka ein heil dress med striper. Eg fann mønster i "Strikk meir til Nøstebarn"og strikka av Pickles pure wool. Kjekt arbeid - nå håpar eg på kaldare dagar slik at Tordis kan ha den på.

150909_161lite
Ei blid og god jente.
Nå er ho snart 12 veker.
Foto: Matilde Skår
 

Stripefest


Haustferien 2015

Det er ferietid, det vil sei: den nærmar seg veldig slutten! Men jammen må eg innrømma at det er kjempegodt når skulen stenger ner ei veke og me får oss ei liten pause. I år tjuvstarta me litt og drog avgårde allereie på fredag før haustferien. Gubben hadde nemleg fått tid for ein skulderoperasjon midt i ferien...... Så då var det fint å vere heime igjen til det. Men ut på tur - kjøretur til Ulsteinvik denne gong, til storesyster Jorunn og svoger Per Ove. Bilen var full av turutstyr og strikketøy,  og vervarslingane såg ganske bra ut. Så fleire fjellturar vart planlagte. Ikkje så ofte me har tatt turen inn i dei Sunnmørske Alpene - det skulle me gjere nå. To flotte fjellturar - laurdag til Molladalen og måndag til Romedalen der Middagshorn og Hallehorn ligg.  Mange høgdemeter rett opp, luftig på toppen, matpause, og balansering på fjell-eggen - flotte og spektakulære opplevelsar.

Dette vart turane nr. 52 og 53, og då nådde me målet vårt om 52 turar dette året.

Klare for tur til Molladalen.
Ganske bratt terreng.

Litt regn i lufta ei stund,
så regntøyet måtte på.
To systre - kanskje litt like?
Kjekt å vere på tur.
Gubben var mest opptatt av å kikke på fjella.

Fantastiske fjell.
Me nøyde oss me å gå opp til foten av desse fjella iMolladalen.
Veslejenta har visst vore oppå 6 av dei.....
Flotte myrull.


Måndag var det ut på tur igjen:
Opp på desse tre skulle me.
Ser litt uframkommelig ut,
men eit skritt om gongen.

Klare for topptur.

Middagshorn til venstre, og Hallehorn til høgre.
Den i midten hadde visst ikkje noko namn.
Pausetid
Snart på toppen av Middagshornet, 1091 moh
Ganske flott å ha vere oppå ei slik fjellrekke.

Flotte haustfargar.
Må ikkje så langt ut.
Her var det bratt ner!
Det såg litt uframkommeleg ut.
Men me fann stien oppå eggen - litt etter litt.

Juhu! Me greidde det!
Ein pustepause på siste toppen.

Heldigvis er ikkje året omme ennå, så det kan ennå bli turar. Men med ei nyoperert skulder trur eg kanskje turane blir i låglandet vidare. Me har ennå litt av kyststripa igjen.