søndag 28. juni 2015

På tur langs havet.

I dag var det tid for tur igjen. Det er litt lenge sidan sist, for Gubben har vore ein del sjuk i det siste.  Men i dag pakka me tursekken og fann fram joggeskoa og kjørte sørover. Me parkerte ved Orre gamle kyrkje, og starta der me slutta sist. Fint og flatt terreng, blei ikkje mange høgdemetrane, men lett og godt å gå. Motbakkane får me ta ein annan gong. Det veks utruleg mange markblomster langs stien - det blei mange fotostans.  Me passerte mange jorder med yre kviger og kyr, og dei var ganske forvetne. Me følte oss tryggast nere i steinane. Tilslutt fann me ein fin levegg, med stolar og bord. Her var det fint å stanse og ta fram kaffien - og strikketøyet. Det fekk vere med på tur. I dag gjekk me 8,5 km. Fin tur langs havet. Dette var tur nr. 32. Me er i rute framleis - med ein tur i veka. Bare 20 turar igjen.

Gubben og Gamlå.

Ein skarve-flokk

Forvetne kyr.

Høgaste punkt på turen i dag.

Nydelig rosa mot det grønne.





Godt me fann ein fin rasteplass
med stolar sånn at eg fekk strikke litt.


1 kommentar:

  1. For en trivelig tur, til og med bundingen fikk bli med! Fine markblomster du har fått bilder av!
    Vi har gått tur med barnevogn, og det var også kjekt!

    Fortsatt god sommer!

    Klem

    SvarSlett