mandag 4. august 2014

Sommarstrikk.

Ferie er ei fin tid. Då har me ekstra god tid til å kose oss med strikkepinnane og fine garnnøster. Saman med einkaffikopp eller litt Pepsi Max. Eg må alltid pakke ner rikelig med garn, må ikkje risikere å gå tom - og ikkje ha tilgang på nytt. Særleg ikkje i år når eg ikkje handlar inn så mykje nytt garn.
Men det er ikkje alltid ting utviklar seg slik som ein planlegg. I år hadde verkeleg tenkt at sommaren skulle brukast til kjempemange par med jule-gryteklutar, pluss å gjere ferdig den blåe glitrandes patentgenseren min. Det var dei strikkenetta som var størst. Men eg putta og oppi ein god del bomullsgarn -  i tjukkelse med Mandarin Petit. Og det var nok dette nettet som blei mest brukt! Me har kjørt ganske langt i sommar, og dette passte godt i bilen. Sommaren var og veldig varm - og då frista det ikkje å strikke ein varm ullgenser. Den får vente til kaldare dagar. Bomull var tingen - og striper. Veldig kjekt å strikke striper. Og ruter. Og ny vaskefillestruktur. Mange kjekke småarbeid. Nå er ganske mykje ferdig - det er mindre oppi korgene mine , og eg kan putte nye oppsparte pengar på sparekrukka mi!

Feriestrikket
To stripete håndkle, desse vart symmetriske.
Tenkte dei skulle ha fast plass på
gjestetoalettet


Nye vaskefiller -
etter mønster av Bitta Mikkelsborg
.
Symre og Hegg.


"Vanlige" vaskefiller
- i eit garn avbomull og lin.
Fått av Veslejenta.

Dominohåndkle:
Kjekt å strikke litt mindre ruter og.
Håndkle igjen.

Endå meir striper
- her vart det ikkje symetrisk.

To vaskeklutar.
Lette å strikke i bilen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar