mandag 25. februar 2013

Yesterday.

I går var en flott dag! Strålandes sol frå morgon til kveld, og det på ein sundag. Ganske vindstille og - og då frista det endå meir å ta seg ein god tur langs havet. Heldigvis fekk me ein koseleg telefon frå Turleiaren og Sykklisten, så me slapp å trave aleine på tur. Men aleine - me har nesten ikkje opplevd å treffa på så mange andre turgåara langs havet ein sundag! "Alle" var på tur! Hengebru, stiar, rullestein, sanddyner, ein nesten blikkstille sjø, kryssing av kommunegrensa - herleg tur. Og rastepause i le bak sandsynene, med frukt, nøtter, fotoseanse og litt kaffi! På heimturen fekk me sola midt i fjeset - me hadde nesten gløymt kor herleg det kan vere! Våren er ei nydeleg tid!

Mykje folk var ute på tur.
Her er heldigvis god plass.

Turleiaren og dei lilla damene.

Annan kvar - rød og lilla.
Gode venner er godt å ha!

Feistein fyr


Turleiaren hadde kaffi med.
Gubben lot seg friste -
men dette var den største "koppen" me hadde med!
Ein munnfull kaffi.

søndag 24. februar 2013

Xstrem-strikking.

Egentlig - og inners inne er eg ein person som likar å gjere ting skikkeleg. Eg likar ikkje å gjere noko som er gale, som går ut over nokre personar eller som provoserer andre mykje. Men likevel likar eg å gjere noko sprøtt innimellom. Den strikka sykkelen var eit slikt prosjekt. Nokre lar seg provosere av det - andre syns det er kult. Eg har starta eit nytt sprøtt prosjekt - vil ikkje røpe alt, men det handlar om "min" lyktestolpe  og restegarn. Nokon blir gjerne provosert, andre syns kanskje det er kult! Eg likar det.

Gubben har lova å skru ner basketball-ringen

Kva blir dette tru?

søndag 17. februar 2013

Winter-knit.

To prosjekter er avslutta i vinterferien - det er herlig! Tunikaen blir nok god og varm - kan bli god på kalde dagar! Stripeskjerfet gler eg meg til å bruke!



Vinterferien 2013

Så var friveka over, og kvardagen er i ferd med å innhenta oss igjen. Det er godt å ha ein slik pause. Litt heimedagar, og så nokre gode avslappandes dagar på hytta. To ungdommar var med i baksetet, masse skiutstyr, mat, strikketøy og godt humør. Me fekk nok ikkje like fint ver desse dagane som i starten av ferien. men kva gjer vel det når me har godt lag! Skitur til Bjødnabu i sterk kuling, og bestiging av Natlandsnuten  i Suldal på nesten 1000 m, var store bragder! Langt og litt tungt opp, blåsandes på toppen - og enormt vanskeleg å finna vegen ned at. Hadde ikkje Gubben hatt GPS, og kunne bruka den, hadde me slete veldig. Enormt jordmørkt, avblåste spor, og humpete underlag gjorde at me trilla nedover fjellet - kvar vår gong. Men me kom oss ner, med blåflekkete bein og vondt halebein, men det går nok over. Då var det godt å finna strikketøyet og siga ner i godstolen. Og ha ein god spelerunde kvar kveld. Dei unge lot seg begeistre av Domino, og Ticket to Ride og Settlers var og spel me koste oss med. Takk for ein fin ferie. I morgon ventar blide skuleungar!

Klar for spel.

Kjekt med Domino.
Kan vere blåsandes på tur!

"Opp der skal me nok!"

På toppen!
Stor stas - og flott varde!

Årets første strikkestund i solveggen!
Herlig!

Heile Kådavågen var tilfrosen.
Det var sjeldant - me har visst aldri sett det før!

Årets første utemåltid ved grua!
Pølser og vafler på menyen.
Gubben fekk nytt vaffeljern til jul
- kjekt å prøva og det funka utmerka!

Det er servert!

Fin frukost for fine folk.

tirsdag 12. februar 2013

Utfordringar.

Utfordringar kan vere så mangt. Som regel er det å gjere noko ein ikkje beherskar så godt, og der ein kanskje møter ulike problem undervegs. Eg har "herma" etter Veslejenta, eller latt meg inspirere av hennar syglede. Ho jobbar på hobbybutikk i ledige stunder, og der hadde dei fått inn flott tøy i strippete ribb. Lette å  sy jumprar av. Syns ho! Ho har laga mange! Og fekk flott resultat. Eg ville og prøve. Men jammen vart det litt utfordrandes for meg: av og til blei sømmen ujevn og tullete, og halsåpningen vart heilt rar. Men då er det godt å ha ei Veslejente som kan komma og hjelpe mora, og gje ny inspirasjon. Nå er to jumprar ferdige, i grå/beige  og lilla/beige striper. To gode jumprar til kvardagsbruk! Men eg trur det blir med dei. Ingen storpoduksjon på meg. Likar nok best strikkepinnane. Rart - eg har i grunnen sydd mykje opp gjennom åra. Når ungane var små likte eg godt å sy kler til dei. Til og med brudekjolen min har eg sydd! Jaja -  mykje kjekt å strikke:-)





Der var U-en og unnagjort! S, T og U kom på løpandes bånd. Nå ventar V-en! Det må bli noko frå vinterferien.....

mandag 11. februar 2013

Tradisjonar.

Me omgjer oss me tradisjonar, og ein av dei er Morsdagen. Den har vart lenge, og kanskje var det handelsstanden som starta den for å få selga litt meir blomster akkurat då. Men uansett grunnen - det er nå koseleg å gjere litt ekstra  stas på morene ein dag i året. Her i huset hadde med fullt hus og stormandes jubel på morsdagen! Nydeleg laksemiddag - ( der mora slapp å lage alt aleine!) for barn & svigerbarn og bestemødre - og bollefest i same slengen! Kjekt å vere i lag alle tre generasjonar innimellom. Huset blei fyllt av folk og blomar og presangar - koseleg! Og jammen trakk dei opp strikketøyet sitt alle tre jentene mine - og hadde ei kosestund på sundagen. Dei gamle er ikkje ennå heilt fortrulege med sundagsstrikk - men her i huset er det nesten den aller beste strikkedagen:-)    Eg er stolt av dei tre flotte jentene mine!
Takk for ein fin dag!

Nydelege roser frå Guro-jenta mi!

Gubben hadde og kjøpt blomar - flotte tulipanar.

Gåve frå eldstejenta -
sjokolade, pulsvarmara og spennandes syltetøy!

Roser frå morå mi.

Gåve frå minstejenta - ein cafèbesøk!
Me har hatt nydeleg lunsj på Pastabakeriet i dag:-)

søndag 10. februar 2013

Strikkeferie.

Eller vinterferie som det og kan kallast! Eg er så heldig at eg jobbar med skulevesenet. Og der får me støtt og stadig feriar! Eg trivest godt på jobb, men jammen er det fint å få ein pustepause innimellom og. Dagane er som regel travle og intense, særleg for oss som jobbar med dei minste. Men og utruleg givandes. Leseprosessar og begynnandes skriving er stas å få vere med på! Men nå er det ei pauseveke - der eg har god tid til å blant anna strikke:-) Nokre av dagane i slutten av veka skal tilbringast i Ryfyke, forhåpentleg inkludert fleire skiturar og vafler steikt på bål i Gubben sitt nye vaffeljern. Slike feriedagar må planleggast, ikkje minst med tanke på strikketøy. Bilstrikk,  tv-strikk og kanskje eit litt vanskeleg. Noko for alle anledningar. Målet i år er å få ferdig både den blå tunmikaen/kjolen (eg har nemleg ikkje mykje igjen), og stripehalsen som skal vere bilstrikk. Jakken til Gubben skal eg øyeblikk begynne på arm nr.2 på. Han håpte at den var ferdig til vinterferien, men det blir vel heller til påske? I allefall ikkje før. I tilleg har eg begynt på noko nytt - ei hue og ein hals til Gubben, kjem til å passe fint til "Røkejakken". Statistikken for herrestrikk kjem til å auke med mange prosent dette året! Mønster og garn er frå Pickles. Eg er jammen ikkje god til å la vere å starte nye prosjekter.....

Tre spøt som sloss om oppmerksomheten

Kjapt herresett frå Picles.

 God veke  til alle - enten du har ferie eller ikkje!

søndag 3. februar 2013

"Røkejakke" og restegarnsprosjekt.

Der klarte eg to R-ar på ein gong! Denne helga har eg og veslejenta regjert i huset åleine - for Gubben drog på Halleluja-tur til sørlandet. To strikkeprosjekt har fått oppmerksomheten.For litt tid til strikking klarer eg alltid å finna plass til, særleg i helgene. Me var til og med innom garnutsalget og kjøpte nytt garn - til hennar prosjekt. Kjærasten skal få ny genser - og eit gammalt mønster skal bli til ny genser. Eg syns det er utruleg kjekt å ha tre strikkandes døtre! Noko positivt har dei i allefall lært i barndomsheimen! "Røkejakken" veks - men eg håpar ikkje den får nærkontakt med røyk med det første. Stripeprosjektet som eg har lurt meg til å begynna på, er etter oppskrift frå eldstejenta. Det skal bli ein hals. Hennar oppskrift kan du finna her om du vil. 

Armen - med ei fin flette midt på,
ellers  er det vrange maskar som rettsida.
Denne fletta strikkar eg på ein litt "rar" måte,
ved å auke og felle maskar på dei rette stadene.
Eg er vant med å flytte maskar.
    
Her er bolen. Det nærmar seg armhol.
Bare 10 -12 cm igjen.
 
Striper var kjekt - kan lett bli vanedannandes.
Dette blir godt og varmt.

Kjekt å bruke litt restegarn
(har bare kjøpt 1 nytt nøste)



 Ha ei fin veke - med mange gode strikkepausar!
Eg sett stor pris på om du legg igjen ei lita koseleg helsing:-)