fredag 30. mars 2012

Hurra for Guro!

Gratulera så mykje med 22-års dagen din, Guro! Nå er du ganske vaksen! Me er jammen heldige som får ha deg i huset ennå. Men neste år kjem me til Presten Soles vei i bursdagsselskap. Du er ei flott jente, me er kjempeglad i deg. Stolt av deg;-)

To gode venner

Kjekt å fiska makrell

Jule-Guro

Ville-Guro - i tomannsjumperen på hytta

Godt med dansk soft-is!

torsdag 29. mars 2012

Strikkelyst

Ungane på skulen er ferdige med strikketøya sine. Dei har visst stor iver og entusiansme! Mange flotte produkt har blitt produsert, og både ugler, selar, sommarfuglar, lommetroll, bamsar og kattar har sett dagens lys. Nå ventar ungane  spent på å få arbeida sine med heim. Interessa har nok vore litt varierandes, men dei alle fleste likte dette kjempegodt. Og eg er kjempestolt av det me har fått til. Tålmodighet har dei og vist, med 2 lærarhender og 34 elevhender i kvar gruppe, blei det nok litt venting. Men det gjekk bra! Nå har me tatt fram hammar og sag , Kjekt det og! Det er utruleg kjekt å jobbe med ungar som gleder seg over å skape noko  med hendene og bruke sine kreative sider. Travelt - men inspirerandes! Eg har ein flott jobb!


Til og med ein elefant blei strikka - av ein gutt!









tirsdag 27. mars 2012

Påskeklare typar.

Nå er dei klare, to av påskeharane. Minstemann heng framleis på pinnane. Kanskje den får sjå påskelyset? Dei to andre er allereie blitt gode venner, og me kan nok venta oss litt av kvart i påsken. Gubben syns nok det var eit sprøtt prosjekt til å begynna med, men jammen har han skifta meining når han blei kjent med dei. Nå har han to gode kammeratar til å gjere koselege påsketing med - båttur, tur i skogen, steike pinnebrød i grua... Og me håpar sjølvsagt at dei har noko med påskeegga å gjere. Så me gler oss til hyttepåsken på Randøy! Imens me ventar kan me nyte våren i hagen! Nydelege dagar for tida, når bare tåka letter.


Tre gode venner
 
Kjekt å klatre i trær!

Sjå, me har blå himmel!

Vår i hagen

Flott og lilla.

lørdag 17. mars 2012

Sprøtt prosjekt.

Tjukke pinnar - ein pose tjukt dobbelt feilgarn frå Sandnes Garn, (Kjekt å bu like ved ein garnfabrikk!), ein ide om noko morsomt i hyttepåsken - og vips der var eg i gang med  eit nytt prosjekt. Litt løye må ein jo ha i ein travel kvardag! Lurer på kva Arne & Carlos ville sagt om dei såg gigantutgåva av deira søte lille påskehare:-) Tåspissen passa perfekt til min fot!


fredag 16. mars 2012

Meir domino!

Domino er smittsomt. Det har eg nemnt på før. Morå mi har og latt seg smitte!. Det syns eg er kjekt. Nå har ho strikka eit nydeleg teppe i varme fargar. Noko av det som fasinerer med dette strikkeriet,  er at me begynner i eit hjørne og arbeider oss ut derifrå. Resultatet veit ein ikkje noko om før teppet er ferdig. Det er  i prosessen underveis me bestemmer fargane. Og resultatet denne gongen vart og nydeleg! Bare sjå sjølv.

.

onsdag 14. mars 2012

Vaksen

Gratulera så mykje med 18 års dagen din, Maren. Tenk nå er minstejenta vaksen. Litt skummelt.... Me håpar du får ein flott dag. Lykke til med oppkjøringa som nå kan skje, sidan du er blitt vaksen! Kjempeglad i deg, og stolt av deg! Du er ei super jente:-)


Glad - Maren

Sporty Maren

To gode venner


søndag 11. mars 2012

På pinnane.

Mars er ein fin månad. Lysare dagar, lengre ettermiddagar, sola kan til og med vere varmandes, og det nærmar seg påske. Det må jo forberedast. Eg er nok ikkje av den sorten som har enorme mengdar med påskepynt, men eg skal snart henge opp dei strikka påskeegga frå i fjor. Men for ei veke eller to si var eg på strikkekveld hos Kari. Ho er knallflink til å produsere og inspirere. Denne gong var det påskeharane til Arne & Carlos som me begynte å strikke. Min er dessverre ikkje ferdig, men den har fått følge med hare nr.2 - i litt større variant. Eigentleg vil eg strikke ein enormt stor, som me kan ha det moro med på hytta, men desse to får gjere nytten dette året. Eit påskesokk-prosjekt er og påbegynt, eg håpar å få tid til eit par før påsken kjem. Og så er eg ferdig med bolen på test-flette-jakken og har såvidt begynt på 1.armen. I denne helga har eg og brukt litt tid til elevarbeida på skulen. Me er ferdige med strikketimane, nå var det bare litt monteringsarbeid igjen. Bilder frå mange flotte figurar kjem snart.

Minstejenta  - som blir 18 denne veka - vart glad for fana-genseren.

Ein stor og ein liten.
Den store strikkar eg i Fritidsgarn, den minste i Pt2.

Litt rar farge på bilde, men flotte fletter.
Og nå når eg har lært meg mønsteret,
er dei kjempekjekke å strikke!

Desse skal bli gode og varme i påske-hyttesola. Oppskrifta er frå Drops

fredag 9. mars 2012

Domino-effekt

Eg har fortalt tidligare om misjonsforenings-damene som har latt seg smitta av domino-effekten. I går hadde me treff igjen, og teppene deira veks! Bare det gule mitt har hatt ein treg utvikling denne månaden. Men eg er jo teststrikkar! Eg er mektig imponert over teppene dei drog opp. Det er utruleg kjekt. Og i tillegg hadde enkelte allereie neste teppe i tankane! Skikkeleg dominoeffekt, med andre ord. Men slike flotte strikkedamer er innimellom litt beskjedne, det er ikkje lett å få til å fotografere dei. Men eit lite glimt av damene + teppene vart det! Eg er jammen glad eg kjenner sånne flotte fargerike damer.

Flotte jordfargar - nydeleg teppe

Utruleg fargerikt og flott teppe.

Ei fargerik dame bak teppet og!

Nydeleg teppe i gråe og lilla fargar

mandag 5. mars 2012

Morgontrim

Den ordinære morgontrimmen min på helsestudioet er bytta ut med stranda. Eit godt bytte for våren. Me er inne i den finaste tida på året, der våren og sommaren står for tur. Eg må innrømma at eg syns det er litt kjedeleg å gå på tredemølle og lyfta litt her og tøya litt der. Eg likar meg nok betre ute i naturen! Nå er det lyst om morgonen, og då er det nydeleg på stranda. I dag fekk eg meg ein fin tur, frå hengjebrua og til Fuglingane - og tilbake. Heime venta ein god kopp te, litt frukt, matpakken frå gubben, strikketøy og litt husarbeid (som å sette på vaskemaskin/oppvaskmaskin). Ein god start på 
veka, nå skal eg snart gå på jobb!

Spesiell morgonsol

Gjenbruk av rosene frå sist veke.
Så gler dei ei stund til.

Kosestund - og energi-påfyllings-stund!

søndag 4. mars 2012

Hyttehelg

Ei god hyttehelg er over, me er heime igjen - og kan sjå tilbake på kor mykje me strikka eller snekkra! Me har kvar våre favorittar. Flott ver fredag, tur i skogen på lørdagen, mykje vind om natta, og fin tur heim på sundag. Bare eg og gubben på tur. Men me koser oss, nyter freden og roen på landet! Fanagenseren blei ferdig - eg er kjempefornøyd. Nå ventar eg bare på minstejenta som sitt på bussen frå Bergen, og håpar at  ho er like fornøyd. Ellers er det den grønne flettegenseren som vert prioritert framover. Eg har nokre korger som  må stå  på vent ei stund. Men ein dag er det plutseleg aktivitet i prosjekta igjen. Eg har forresten meldt meg inn i strikkblogger.no. Sjå logoen på venstre side, og ta ein titt. Nå blir det kanskje lettare å finne ennå fleire  flotte strikkebloggar. Det lagast utruleg mykje der ute, kjekt å bli inspirert av andre.


Klar til bruk:-)
Gubben likar å bære tungt! Reisetv! Nytt (gammalt) tv.
Tunge tak......


Herlige vårtegn

Minner frå gamle tider. Nå er dei forbudt.