tirsdag 27. desember 2011

Strikkekavalkade

Det har i løpet av året blitt ein del strikking. Det var kanskje ikkje uventa :-) Tepper og domino har vore gjenngangara. Kor mange meter tråd eg har brukt, veit eg ikkje, men kanskje det kan målast eit anna år? Dei fleste prosjekta eg hadde begynt på ved starten av året, er faktisk blitt ferdige. Og nye har komt til. Og garnlageret under senga? Eg syns ikkje det har minka så mykje, men det er fordi eg har kjøpt ein del lyst garn - til  nye tepper kanskje? Det er kjekt å bu i nærheiten til Sandnes garn! Fletter er og gøy!  Kanskje det blir litt av det neste år? Ein liten titt viser prosjekta frå 2011;-)

Ullbukse til eldstejenta som skulle bu ein måned på Svalbard. Men ho var visst for varm...
Hals til minstejenta
Vest i Dalegarn
Sjal i garnet frå Eidenburg
Med fin blondekant.
VM-hua mi. Denne fekk eg seldt. Ganske artig.
Nasjonale sitteunderlag




Ny tunika. God og varm.


Men etter ein omgang i vaskemaskinen - på ullprogram - var den ikkje heilt den same lenger.... Eg gøymte at alpakka ikkje likar så godt maskinar...


Endå fleire klutar. Gode å strikka på i bilen.


Påskeglad sittepute


Tid for tur for to.


Løper i domino i lingarn. Sjølv-designa.
Rutene er rettstrikka på eine halvdel, og rillestrikt på den andre.

Tunika i Dominostrikk

Dominosjal i hyttetreet.

Litt av islandsjakken. Veldig god og varm.
Nepalteppe nr.1


Nepalteppe nr. 2

Nepalteppe nr. 3
Nepalteppe nr. 4


Domino-strand
Sove-domino til hytta.


Danskesjal

Vottar til Kirkens bymisjon

Varme gubbeføter

Meir kjøkkenklutar. Møtetid på skulen er og fin "klute-tid."


Påskeegg
Meir påskeegg

Endå meir.....
Vårleg pynt

Dansketunika

Nokre ting er på pinnane ennå, men eg ser at tida i 2011 er i ferd med å ta slutt, så dei får registrerast i 2012. Kan bli kjekt med nokre ferdige prosjekter litt tidleg på året og. Ein av utfordringane om nokre veker er å læra 50 fjerdeklassingar strikkekunstens gleder, ikkje alle på ein gong, men ca. 18 i ei gruppe! Eg grugleder meg! Det kan bli "svette" dagar! Eg håpar nokre har lært seg litt heime i juleferien.

1 kommentar: