lørdag 9. juli 2011

Sommar-beising!

Nokre regnfulle sommardagar kan brukast til så mangt. Eg har hatt ein prosjekt på planleggingsstadiet over lengre tid, og endeleg greide eg å rive meg laus frå strikketøy og sommar-lektyre, og sette igang. Me har ein stor og god kjøpmannsdisk i gangen, i luta furu eller noko slikt. Nå var den ganske sleten, og eg var lei av å sjå den slik. Så etter ein innkjøsrunde var det bare å gå igang. Tre små boksar med beis - i ulike fargar. Blå, lilla og grå! Spennandes. Kjekt å svinge malekosten innimellom. Og resulatet? Sjå sjølv! Eg er kjempegodt fornøgd!
Kva er den optimale plasseringen av dei ulike fargane, tru? Det kan nok diskuerast!

Nå gjeld det å huske kven sine skuffer det er. Me har kvar våre.

Den lilla beisen vart litt mørk, men fin likevel.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar