søndag 3. juli 2011

Blindpassasjer!

Eg har vore blindpassasjer! Det var ein artig opplevelse. Gubben skulle på bedriftsbesøk i Danmark, eller foretningsreise som eg likar å kalla det. Det høyrtes ganske fornemt ut, syns eg. Og jammen klarte eg å snike meg med! Ledige plass i forsete - og på hotellrommet, og med ein varebil som framkomsmiddel der det var enormt god plass til varer - dette kunne eg bare ikkje motstå! Så mens turkammeraten min jobba, utforska eg danske småbyar. Eg hadde drevet litt research på forhånd (søkeord: garnbutikk i Horsens), og eg fann ein utruleg flott strikkebutikk i byen! Det var ein fantastisk opplevelse! Utruleg mye flott garn, veldig hyggelige og hjelpsome strikkedamer bak disken, så eg gjekk ikkje tomhendt ut herifra! 3 flotte strikketøy + ei spennandes bok ville vere med meg heim! Ellers fann eg jo andre spennande butikkar og, det var nemleg "UDSALG" over alt. Koseleg å rusle rundt og ha litt god tid til shopping. Men aller helst kunne eg tenkt meg å sette igang strikkinga med det same! Me hadde bryllupsdag mens me var "der sør", og det er jo og alltid  koseleg. 27 år, jammen har tida gått! Nydeleg tre-rettar middag på Hjørring Kro sette ein ekstra spiss på dagen! Bilka måtte og utforskast, me følte me var med i tv-serien frå Sverige. Skikkeleg "Harry-handling." Men noko fornuftig ville vere med heim nemleg ny grill til hytta og god mat! Godt med god plass i bilen! Heimturen vart over gyngandes grunn, og for første gong såg eg reiseledaren min spy. Interessant. Det var lurast å bli verandes i setet med augene igjen. Ferjemannskapet hadde ei travel tid!

Ut på tur - i firmabil.
Ei strikkestund på kroa!
Det var ganske mykje trafikk, og mykje regn nedover motorvegen.

Her var den nydelege strikkebutikken som eg fant! Inni eit smau, så eg måtte leite litt etter den.
Ein titt oppi posen viser masse nydeleg ullgarn.

Dette skal bli til ein Marianne Isager-jakke. Blå bol, og stripete armar! Eg gler meg til å setta igang!

Julerødt garn - ein fin tunika til jul!

Det hang eit nydeleg sjal i butikken. Det ville bli med heim, iallefall mønster og garn. Nederst skal det vere ein strikka blondekant.
Bilka hadde eigen"Haveavdeling" og. Her fann me nydelege roser og masse lavendel!






Ein 100 mils lang biltur kan resultera i så mangt. På denne turen greide eg å strikka nesten 5 oppvaskfiller. Den gule vart ikkje ferdig - eg måtte vere sjåfør for gubben var kvalm :-)
Desserten etter ein knallgod middag!
Bytur med cafèbesøk. Club Sandwich er alltid ein favoritt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar