tirsdag 27. januar 2009

Pilates-trim!

I dag har eg vore på trim, pilates-trim! Menighetstrim på Sørbø skule! Syster mi"Prestefruen" har lokka meg med! Så då gjer det nok ekstra godt, med litt tøy og bøy, balansetrening og "krigar"-øvelsar! Ganske godt!

fredag 2. januar 2009

Nytt prosjekt på gang!


Her i huset vert ikkje strikkepinnane kalde! Når eit strikketøy er avslutta, må me straks gå igang med eit nytt! Nye nøster i flotte fargar er ein fryd! Så nå kribblar det i fingrane, det er bare å setta igang!


Kva det skal bli? Eit lappeteppe i dominostrikk! Ein kjempeartig måte å strikka på!!

Ferdig!!

Årets første strikkeprosjekt er avslutta!
Denne gong vart det ein vest med masse fletter!
Det er alltid ein god følelse å trekka ut pinnane, festa trådane og dampa strikketøyet! Kjekt når noko er ferdig!

Så var jula over for denne gong......

Nå nærmar det seg slutten på juleferien, og julehøgtida er snart over. Me styrer og steller på forhånd, men jammen går dagane fort! Me har hatt gode dagar, med nydelig vinterver, koselige stunder i familien, besøk av slekt og venner, god mat og kjekke pakkar på julekvelden! Bildene nedanfor får tala for seg!


Marens pepparkakehus!

Alle favorittane var på plass!

Årets julepresang!



Dei flotte julejentene våre!



Jul i stua!